Marknadsførar på deltid · Sogn og Vestland

Leig inn ein marknadsførar – i ei lita stilling

Treng verksemda di nokon som tek seg av marknadsføringa, men ikkje ei heil stilling? Lisbeth Bringebøen i Kleio kan tilsetjast eller leigast inn i ein liten stillingsprosent, og tek ansvar for tekst, sosiale medium og innhald over tid – på nynorsk.

Ta ein uforpliktande prat →917 76 422

På bokmål →

Lisbeth Bringebøen ved fjorden
Kort fortaltSiviløkonom/Master i marknadsføring/Nynorsk og bokmål/Foto og film

Kva du får

Ein fast marknadsførar – utan ei heil stilling

📱

Sosiale medium

Plan, innlegg og reels på Instagram, Facebook og LinkedIn – jamt og trutt.

💻

Nettside og nyhendebrev

Oppdatert innhald på nettsida og nyhendebrev som faktisk blir lese.

✍️

Tekst og kampanjar

Annonsetekstar, artiklar og kampanjar på nynorsk, bokmål eller engelsk.

🎬

Foto og film

Eigne bilete og film – og dronefilm i kinokvalitet saman med Tore i Falkeblikk.

Om marknadsføraren

Lisbeth Bringebøen

Siviløkonom frå NMBU, med master i marknadsføring og leiing frå BI og master i rekneskap og revisjon frå NHH. Ho har undervist som høgskulelektor med emneansvar i fem fag, jobba med næringsutvikling i fylkeskommunen og vore gründerrettleiar i Sogn Næring. I dag driv ho Kleio AS saman med fotograf og dronepilot Tore Friele Lie.

Ho set seg raskt inn i nye produkt og bransjar og finn den rette vinklinga – anten det gjeld reiseliv, lokal mat, handel eller industri.

Meir om Kleio →

Solnedgang over fjorden

Slik fungerer det

Enkelt å koma i gang

1. Me tek ein prat
  • Kva treng de hjelp til?
  • Kva kanalar brukar de i dag?
2. Me avtalar omfang
  • Ein liten stillingsprosent eller faste timar i månaden
  • Tydelege oppgåver og mål
3. Eg jobbar fast for dykk
  • Det meste digitalt
  • Besøk for å bli kjend og ta bilete og film

Spørsmål og svar

Det folk ofte lurer på

Kor stor stilling kan du ta?

Det avtalar me saman. Ofte passar ein liten stillingsprosent eller eit fast tal timar i månaden.

Kan du tilsetjast, eller må me leiga deg inn?

Begge delar er mogleg. Du kan tilsetja meg i ei lita stilling, eller eg kan fakturera deg direkte.

Må du vera på kontoret hos oss?

Det meste kan gjerast digitalt. Eg kjem innom for å bli kjend med dykk, og for å ta bilete og film til innhaldet.

Kva kostar det å leiga ein marknadsførar?

Det kjem an på stillingsprosent og oppgåver. Ta kontakt, så finn me ei løysing som passar.

Skriv du på nynorsk?

Ja. Eg skriv på nynorsk, bokmål og engelsk. Les meir om tekst på nynorsk.

Treng de ein marknadsførar?

Ring Lisbeth på 917 76 422 eller send ein e-post til hei@kleio.no.

Ta ein uforpliktande prat →