Prosjekt · Ny drakt
Luster Sogelag – ny drakt for gamle forteljingar
Me laga nettsida til Luster Sogelag i 2021. I 2026 fekk ho ei oppfrisking: ny framside, ein samla visuell profil med nye logoar, og betre lesing på mobilen. Strukturen og innhaldet frå styret og medlemene er det same – no i ei ny drakt.
Kort fortalt
Kunde → Luster Sogelag
Nettside → 2021
Ny drakt → 2026
Levert → design, logoar og profil
Før og etter
Same innhald – nytt uttrykk
Den gamle nettsida hadde god struktur og godt innhald, skrive av styret og medlemene i sogelaget. Ho trengde berre å friskast opp – med ein ny visuell profil, ny framside og betre lesing på mobilen.

Visuell profil
Logoane
Løa frå det gamle merket til sogelaget er klipt ut og brukt i alle variantane – frå det runde seglet på nettsida til profilbiletet på Facebook. Sogelaget har alle filene samla på si eiga side.

Segl
Det runde merket – til nettside, plakatar og trykksaker.

Liggjande, lys botn
Løa og namnet – til brevark og lyse flater.

Liggjande, mørk botn
Til mørke flater og botnen av nettsida.

Ikon
Løa i avrunda ramme – til små flater.

Profilbilete
Kvadratisk – til Facebook og andre sosiale medium.

Berre løa
Gjennomsiktig botn – til dekor og illustrasjon.
Visuell profil
Fargane
Skoggrønt og sand frå naturen i Luster, papir som gamle arkiv, og oker som aksentfarge.
Skoggrøn
#25322B
Sand
#EDE5D6
Papir
#F8F5EF
Oker
#C98B3B
Visuell profil
Skrifta
Tre skrifter som er gratis å bruka, og som fungerer like godt på skjerm som på papir.

Resultatet
Lett å lesa – òg på mobilen
Nettsida er bygd i Squarespace, så sogelaget kan sjølv leggja ut nye artiklar. Nye saker kjem automatisk fram på framsida.

Treng nettsida di ny drakt?
Ny drakt kostar 10 000 kr + mva. Ring Tore på 996 90 567 eller Lisbeth på 917 76 422, eller send ein e-post til hei@kleio.no.
Få tilbod →