Prisar
Kva kostar det?
Du skal vita kva du får, og kva det kostar. Her er prisane våre – og du får alltid ein fast pris før me startar.
Kort fortalt
Ny drakt til nettsida → 10 000 kr
Foto- og filmdag → 12 800 kr
Avansert redigering → 7 600 kr per dag
Alle prisar er + mva.
Ny drakt og nytt innhald
Gje nettsida di eit løft
Alle har ei nettside no. Mange av dei har berre vorte litt gamle. Me gjev nettsida di eit nytt og moderne design – utan at du må byggja alt på nytt. Treng du nye bilete eller film i same slengen, ordnar me det òg.
Ny drakt
Oppfrisking av nettsida du har
10 000 kr
+ mva.
- Nytt og moderne design
- Fargar, skrift og logo som høyrer saman – ein visuell profil
- Ny og ryddigare framside
- Betre å lesa på mobilen
Foto- og filmdag
Foto og/eller film – nytt innhald til nettside og sosiale medium
12 800 kr
+ mva. per dag
- Ein heil dag med foto og/eller film
- Standard utstyr er inkludert
- Enkel redigering av bileta er inkludert
- Me kjem til deg
Avansert redigering
Til dømes videoredigering
7 600 kr
+ mva. per dag
- Videoredigering og klipping av film
- Meir avansert biletredigering
- Ferdige filer til nettside og sosiale medium
Døme: Ny drakt + foto- og filmdag + ein halv dag med avansert redigering = 26 600 kr + mva. Då får du ei oppfriska nettside med nye bilete og ny film. Treng du berre bilete, er enkel redigering med i prisen: 22 800 kr + mva.
Døme
Luster Sogelag fekk ny drakt
Me laga nettsida til Luster Sogelag i 2021. I 2026 fekk ho ei oppfrisking: ny framside, ein samla visuell profil med nye logoar, og betre lesing på mobilen.

Andre tenester
Fast pris etter avtale
Desse oppdraga er så ulike at me gjev ein fast pris når me veit kva du treng.
Ny nettside
Ei heilt ny nettside i Squarespace, med tekst, bilete og design.
Tekst og omsetjing
Nettsidetekstar, artiklar og omsetjing på nynorsk, bokmål eller engelsk. Les meir →
Annonseartikkel
Intervju, tekst og bilete – gjerne med korte filmsnuttar til sosiale medium.
Full pakke
Ei historie om staden eller produktet ditt – frå bakken og frå lufta.
Me kjem på besøk, intervjuar, fotograferer og filmar. Du får ferdig innhald til nettside, sosiale medium og presse.
Dette får du
✓ Ein reportasje på nynorsk, bokmål eller engelsk
✓ Redigerte bilete
✓ Reels eller ein kort film
✓ Tilpassa versjonar til sosiale medium
Ta kontakt for pris
Ta kontakt →Spørsmål og svar
Det folk ofte lurer på
Kvifor er prisane oppgitt utan mva.?
Dei fleste kundane våre er verksemder som får trekkja frå meirverdiavgifta. Prisen du betaler, er prisen over pluss 25 prosent mva.
Får eg ein fast pris?
Ja. Før me startar, får du eit tilbod med pris, kva som er med og når det blir ferdig.
Kva skjer etter at eg har teke kontakt?
Me tek ein prat om kva du treng, og så får du eit tilbod. Sjå korleis me jobbar →
Lurer du på kva prosjektet ditt kostar?
Ring Tore på 996 90 567 eller Lisbeth på 917 76 422, eller send ein e-post til hei@kleio.no.
Få tilbod →