Prosjekt · Ny nettside
Vestnorsk Foto – eigedomsfoto som lukkast
Me har laga nettsida til Vestnorsk Foto i Sogn. Christian Blom tek eigedomsfoto og dronebilete, og hjelper til med rydding, vask og styling før sal. Han tek òg bryllaup, portrett og bilete for bedrifter. I tillegg har me teikna logoen og laga e-postsignatur og malar til pristilbod.
Kort fortalt
Kunde → Vestnorsk Foto
Stad → Sogn
Plattform → Squarespace
Levert → nettside, logo, signatur og malar
Nettsida
Bileta får hovudrolla
Nettsida er lys og rein, slik at bileta får ta plassen. Eigedomsfoto er hovudtenesta, med ei totalpakke, døme på oppdrag og eigne sider for kvar teneste. Kvar side sluttar med ein tydeleg veg til å ta kontakt.

Visuell profil
Logoen
Fjellet frå den gamle logoen står att, men no med eit hus framfor og søkarhjørne i kopar rundt – slik ein ser motivet gjennom kameraet. Huset viser kva Vestnorsk Foto gjer mest: eigedomsfoto.

Hovudlogo
Til nettside, tilbod og brevark.

Mørk botn
Til mørke flater og over bilete.

Liggjande
Til smale flater og topp av dokument.

Liggjande, mørk botn
Til mørke flater og botnen av nettsida.

Ikon
Fjellet og huset i søkaren – til små flater.

App-ikon
Til fana i nettlesaren og sosiale medium.
Visuell profil
Fargane
Blekkblått og kopar gjev eit roleg og eksklusivt uttrykk, med sand og papir som lyse flater. Overskriftene er i Cormorant Garamond og brødteksten i Inter.
Blekkblå
#1C2638
Kopar
#B26A3E
Sand
#ECE7DF
Papir
#F8F6F2
Til kvardagen
E-postsignatur
Christian fekk ein e-postsignatur i same stil som nettsida, med logo, telefon, e-post og lenkje til nettsida og Instagram. Han fungerer i Gmail, Outlook og Apple Mail, og det finst ein kort variant til svar.

Til kvardagen
Prislister og pristilbod
Sju ferdige malar i same stil – prislister for eigedomsfoto, bryllaup og kampfoto, og tilbod på eigedomsfoto, bryllaup, fotooppdrag og flyttevask. Pakkane står ryddig under kvarandre, og Christian fyller berre inn namn og pris før han sender tilbodet som PDF. Prisane er sladda her.

Treng du ny nettside?
Me lagar nettsider i Squarespace med tekst, bilete og design – og logo, signatur og malar om du treng det. Ring Tore på 996 90 567 eller Lisbeth på 917 76 422, eller send ein e-post til hei@kleio.no.
Få tilbod →