Slik jobbar me

Frå første prat til ferdig resultat

Me gjer det enkelt for deg. Du veit kva som skjer, kva det kostar og når det blir ferdig – anten det gjeld ei nettside, ein tekst, bilete eller film.

Ta kontakt →Sjå prisane

Du kan rekna med

Fast pris → før me startar

Utkast → før noko blir publisert

Hjelp → òg etterpå

Steg for steg

Seks steg – ingen overraskingar

Me tek ein prat

Du fortel kva du treng – på telefon, på e-post eller over ein kopp kaffi. Me ser på nettsida du har, eller på materialet ditt.

Du får ein fast pris

Du får eit tilbod med pris, kva som er med og når det blir ferdig. Då veit du kva du går til.

Me lagar eit utkast

Me lagar design, tekst, foto eller film. På nettsider får du sjå eit utkast før noko blir publisert.

Du seier kva du meiner

Du kjem med tilbakemeldingar, og me justerer til du er nøgd.

Me publiserer

Nettsida går ut, og bilete og film blir leverte i dei formata du treng.

Du klarar deg sjølv

Du lærer korleis du endrar nettsida sjølv. Treng du hjelp seinare, er det berre å ta kontakt.

Døme

Slik gjekk det med Luster Sogelag

Sogelaget hadde ei nettside frå 2021 med god struktur og godt innhald frå styret og medlemene. Ho trengde berre ei oppfrisking. Me tok ein prat, laga eit forslag til ny visuell profil og framside, og fekk tilbakemeldingar frå laget før den nye drakta gjekk ut.

Sjå prosjektet →

Den nye nettsida til Luster Sogelag på Mac og mobil

Spørsmål og svar

Det folk ofte lurer på

Kor lang tid tek det?

Det kjem an på oppdraget. Du får vita når det blir ferdig, saman med tilbodet.

Må me ha Squarespace?

Me lagar nettsider i Squarespace. Har du ei nettside på ei anna plattform, tek me ein prat om kva som er lurast for deg.

Kan de koma til oss?

Ja. Me har kundar over heile landet, og me kjem gjerne på besøk når me skal fotografera eller filma.

Klar for ein prat?

Ring Tore på 996 90 567 eller Lisbeth på 917 76 422, eller send ein e-post til hei@kleio.no.

Ta kontakt →